Nytt styre og sakene som blei vedtekne på årsmøtet

DETTE ER STYRET SOM BLEI VALT FOR 2016:

  • Leiar: Eirik Hoem
  • Kasserar: Sigfred Haugen
  • Styremedlem: Jan Ølnes
  • Styremedlem: Svein Arve Ruud
  • Styremedlem: Anne Britt Fredheim
  • Vara: 1. Karita Nes
  • Vara: 2. Kari Merete Henjum
  • Vara: 3. Geir Arne Kvam

SAKENE SOM BLEI VEDTEKNE

1. INTERKOMMUNALT PLANSAMARBEID

Luster kommune må ta initiativ til å utgreie fordeler og ulemper med interkommunalt plansamarbeid og plankontor for Luster, Sogndal og Leikanger.

Interkommunalt plansamarbeid kan løyse utfordringane med at planmyndighet er lagt til kvar enkelt kommune, og at planutfordringane ikkje alltid følgjer kommunegrensene. Utfordringar knytt til arealbruk, transport og næringsutvikling er eksempel som viser at det kan vere behov for kommuneoverskridande planlegging. Dei samfunnsmessig beste løysingane kan ein ofte finne der ein ser område i fleire kommunar i samanheng.

I plan- og bygningsloven er det reglar om interkommunalt plansamarbeid. Ein kommune kan ikkje vedta planer som gjelder utanfor eigne grenser, men kommunar kan samarbeide om planlegging. Tiltak kan vere å etablere eit samarbeidsorgan som har ansvar for å utarbeide felles planforslag. Det vil då vere opp til kvart kommunestyre å vedta og forvalte planen i sin kommune.

Det kan også vere aktuelt å samle areal- og samfunnsplanlegging i eit felles interkommunalt plankontor. Ved å samle kompetansen i ei eining kan kommunane oppnå styrking av fagmiljøet, og stå sterkare ved rekruttering ved nye tilsette.

2. STYRKING AV BYANE OG REGIONSENTRA I SOGN OG FJORDANE

Verda og Norge er prega av sentralisering og urbanisering og Sogn og Fjordane er eit fylke med spreidd busetnad, lite urbanisering og stor utflytting blant ungdommen.

Til meir kunnskapsbasert næringslivet blir, desto sterkare verkar urbaniserings- og sentraliseringskreftene. Både fordi ungdomen blir trekte mot sentrale strøk, og fordi auka kompleksitet i arbeidslivet krev store og spesialiserte arbeidsmarknader.

For å møte desse trendane må det derfor settast i gong eit prosjekt for styrking av til dømes Førde, Florø, Sogndal og Måløy som byar og regionsentra i Sogn og Fjordane.

Målet må vere at desse stadane vidareutviklar seg som attraktive byar og regionsentra der det skjer vekst og utvikling. Det er viktig at desse stadane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga. Ei slik satsing kan auke busetnaden i fylket. Og skape vekst i både byane/regionsentra og omlandet.

For at regionane i fylket, og fylket som heilheit, skal ha ei positiv utvikling, må desse stadane utvikle urbane kvalitetar i sentrum. Då trengst eit mangfald av bustader, møteplassar for ulike aldersgrupper, interessante tenester og opplevingar i sentrum.

Ved å satse på å utvikle til dømes Førde, Florø, Sogndal og Måløy som attraktive byar og regionsentra i fylket, aukar også tilgangen på kompetansearbeidskraft i fylket. Vertsrolla desse stadane har for kunnskapsbedrifter, forskingsmiljø og utdanningsinstitusjonar er viktig for utvikling av næringslivet og attraktive arbeidsplassar.

God infrastruktur er ein føresetnad for by- og regionutvikling. Samferdsel og kollektivsatsing, attraktive bysentra, kompetansemiljø og utdanningstilbod må difor vere eit satsingsområde for prosjektet.

For å nå måla desse måla må det etablerast eit fylkeskommunalt fond øyremerka tiltak i prosjektet.

3. SYNLEGHEIT OG FORNYING AV HAFSLO SENTRUM

Syns det er viktig at vi er meir synlige som parti også i det daglige. Å ikkje berre rundt "valkampane". Engasjere oss i kva folket er interessert i her i samfunnet. Besøke skular, bedrifter, eldrebustadar o.l.

Vise oss fram, vi er her, bryr oss, slår av ein prat, høyre meiningar og lytte, tenker dette er viktig for å skape gode relasjonar mellom oss som parti og folket.

• Ungdomsklubb /Ungdomshus:

o Kan billagstomta egne seg?

• husmorskulebygget:

o leilegheiter

o leige til eige prosjekter?

• Opprusting /fornying av Hafslo sentrum.

4. PLEIE- OG OMSORGSTILBODET I LUSTER KOMMUNE

Hafslo Arbeidarlag viser til tilrådinga frå administrativ arbeidsgruppe om omorganisering innan pleie- og omsorgstilbodet i Luster kommune.

Hafslo Arbeidarlag er samd i at det er behov for å vurdere og gjere tiltak vedrørande organiseringa og tilbodet innan pleie- og omsorgssektoren i kommunen.

Hafslo Arbeidarlag kan ikkje godta svekking av pleie- og omsorgstilbodet på Hafslo.

Hafslo er i folketal største tettstaden i Luster kommune. Og Hafslo deler i tillegg arbeidsmarknad med heile Sogndal og Leikanger kommune. Dette er positivt med tanke på rekruttering av tilsette. Pleie- og omsorgstilbodet på Hafslo må derfor styrkast, og ikkje svekkast.

5. LUSTER KOMMUNE MÅ EIGE KAIEN OG KAIOMRÅDET I SOLVORN

Kaien og kaiområdet i Solvorn er eit viktig område for bygda og er ein sentral del av sentrum. Heile strandsona er frå før i privat eige. Kommunen må derfor snarast råd gjere dei tiltaka som må til for å kjøpa kaien. Og kaiområdet må regulerast om til kaiområde for å ta vare på dei allmenne interessene.

6. HAFSLO SENTRUM

Hafslo sentrum har ein reguleringsplan frå 1984 som i liten grad er tilpassa nye moglegheiter og behov blant innbyggjarane og næringslivet.

Derfor må det snarast startast arbeid med ny reguleringsplan for Hafslo sentrum.