Politikken

Valprogram 2019–2023

Luster Arbeidarparti

Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på solidaritet. Gode velferdstilbod og godt nærmiljø for alle, er viktigare enn skattelette til dei rike.  

Folk er engasjerte i nærmiljøet, velforeininga, ballbingen, idrettslaget, kulturtilbodet, barnehagen, skulen og omsorgsbustaden. Politikk er prioriteringar, også i Luster. Det er viktig å sjå samanhengen mellom nasjonal politikk, prioriteringar av skattelette eller velferd, og kva lokalpolitikken betyr i kvardagen din. 

Luster Ap vil jobba hardt for at Luster også i framtida skal vera ein sjølvstendig og sterk kommune. Eit godt desentralisert tilbod til innbyggjarane er det viktigaste for oss, og me trur det vert svekka i ein eventuell storkommune.  

Det viktigaste 2019–2023

 Luster Arbeidarparti vil  

-  kjempa imot barnefattigdom i Luster  

- sikra eit godt desentralisert tilbod med god kvalitet i barnehage, skule og helse- og omsorgstenesta 

 - alltid prioritera velferdstilboda til borna, ungdomane og dei eldre 

 - satsa meir på førebyggjande arbeid. Det skal vera ein raud tråd for å sikra gode oppvekstvilkår for born og unge. Mange i alle aldersgrupper har redusert livskvalitet på grunn av sviktande helse, rusproblem og psykiske problem. Det er både godt for den einskilde og god samfunnsøkonomi å satsa på førebyggjande tiltak i staden for å reparera. 

 - styrka arbeidsgjevarpolitikken til kommunen. Luster kommune er ein stor arbeidsgjevar med over 600 tilsette. Politikarane må engasjera seg sterkare som overordna arbeidsgjevar. Samhandling med organisasjonane er svært viktig for å utvikla både kommunen som arbeidsplass og dei viktige tenestetilboda kommunen har ansvar for.  

 - sørgja for at kommunen til ei kvar tid tilbyr ledige tomter og bustadar som dekkjer ulike behov, og me må særleg prioritera Gaupne og Hafslo. Dette er saman med tilgjengelege barnehageplassar, kort avstand til fritidsaktivitetar, samferdsle og breibandsutbygging, avgjerande for vidare næringsutvikling i og tilflytting til Luster.   

Barnefattigdom

 Det er rundt 100 000 barn i Noreg som veks opp i familiar med låg inntekt. Definisjonen på fattigdom er å ikkje kunna delta på aktivitetar ilag med andre, og å ikkje kunna oppretthalda den same levestandarden som dei andre i samfunnet rundt har.  

Desse barna bur og lever i Luster òg. Luster Arbeidarparti vil jobba for at dei skal kunna delta på arrangement og aktivitetar på lik linje med andre. Me vil òg jobba langsiktig for at fattigdommen ikkje går i arv. 

 Luster Arbeidarparti vil 

- jobba for å auka openheit og kunnskap om barnefattigdom blant dei som jobbar med barn og unge. Slik vil me mellom anna få færre som sluttar i vidaregåande opplæring før dei er ferdige og meir inkludering i barnehage og skule. 

- ha særleg søkjelys på psykisk helse, rus og minoritetar blant dei føresette 

- leggja til rette for at frivillige organisasjonar får hjelp til å søkja om fattigdomsmidlar 

- sikra gode og inkluderande fritidsaktivetar for alle barn og unge i Luster 

- sikra at det er lett å finna ut kvar ein kan få hjelp i kommunen, t.d. gjennom hjelpeportalen “Saman om barn og unge i Luster”   

- at alle arrangement i regi av barnehage og skule skal vera gratis å delta på 

- stø opp om arbeidet til Frivilligsentralen i Luster  

Barn og unge

 Luster Arbeidarparti vil dei neste fire åra prioritera tiltak for trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Dei er framtida til Luster, og ein god start i livet er svært viktig for eit godt vaksenliv. Det er også viktig å gje barn og unge styrke til å stå imot gruppepress og gje dei tryggleik til å ta eigne val. Heimen er den viktigaste staden for utvikling, men høg kvalitet i barnehage og skule, samt gode fritidstilbod, er avgjerande for mange.  

 Luster Arbeidarparti vil 

leggja til rette for gode oppvekstvilkår og utvikla gode fritidstilbod for alle barn og unge 

støtta opp om motorsportssenter på Leirmoøygarden 

styrkja møteplassane for ungdommane i kommunen  

setja av tid og ressursar til å prioritera det førebyggjande arbeidet på helsestasjonen 

nytta årlege spørjegranskingar i 9. klasse, med vekt på fritidsaktivitetar, nettspel og rus i det førebyggjande arbeidet 

oppretta eit felles rabattsystem for til dømes Lustrabadet, Sogn Skisenter og treningssentera. Dette skal stimulera til fysisk aktivitet for alle unge.  

 

Oppvekst og opplæring

 Me vil halda på ein god, desentralisert skule- og barnehagestruktur i Luster. Skule og barnehage skal framleis ha høg kvalitet og gode opplæringsresultat. Dei tilsette i kommunen gjer ein god jobb. Me investerer i oppvekst og opplæring ved å leggja til rette for kompetanseheving og gode arbeidsvilkår for tilsette i skule og barnehage. Tidleg innsats er viktig, og me vil ha mange pedagogar frå null til ti år. Luster Arbeidarparti vil gje dei tilsette meir tid til å vera lærarar og barnehagelærarar ved å redusera mengda av kommunale prosjekt. 

 Læring og meistring i ung alder er viktig for eit godt vaksenliv. Alle elevane skal ha like føresetnadar for og moglegheiter til å følgja med i samfunnsutviklinga. Skulen er den viktigaste arenaen for utjamning av sosial, kulturell og økonomisk ulikskap. Som ledd i dette, skal alle skulane i Luster tilby gratis skulemåltid og delta i eit femårig prøveprosjekt med obligatorisk leksehjelp med pedagog, i staden for heimelekser. Til dømes liknande modellen som er utprøvd ved Luster ungdomsskule. I tillegg vil Luster Arbeidarparti stø opp om det gode arbeidet som m.a. Frivilligsentralen legg ned med gratis mat og leksehjelp kvar veke.  

Fysisk aktivitet heng nært saman med psykisk og fysisk helse, og me vil leggja til rette for meir kvardagsmosjon. Luster har mange aktørar som arbeider med folkehelse og førebygging, og dei vil me samarbeida nært med. 

 Luster Arbeidarparti vil 

innføra eit femårig prøveprosjekt med obligatorisk leksehjelp med pedagog, som eit alternativ til heimelekser 

gje lærarar og barnehagelærarar tid til å vera pedagogar 

utvida kompetanse og stilling til førebygging av psykisk sjukdom, t.d. ved miljøterapeut og helsesøster i skule og barnehage  

sikra opptak i barnehagen på line med dagens praksis 

utvida opningstida i barnehagen om morgonen ved å auka bemanninga  

stimulera og motivera til fysisk aktivitet og kvardagsmosjon for barn og unge 

leggja til rette for å tilsetja faglærarar i kroppsøving og mat og helse 

arrangera mat- og kosthaldskurs for hybelungdom og tilsetja kommunal, klinisk ernæringsfysiolog som ein ressurs for skule, barnehage og omsorgssenter 

støtta opp om eit sunt kosthald i skule og barnehage, t.d. frukt og grønt, sunn kantine, og pedagogiske opplegg for å auka bruken av fisk og sjømat i kosthaldet til barna («Fiskesprell»)  

samarbeida med tillitsvalde for å få fleire lærlingplassar og betre oppfølging av lærlingane 

leggja til rette for sosiale møteplassar for barn og unge, t.d. aktivitetsparkar og rusfrie arrangement i lokalmiljøa 

sikra trygge oppvekstvilkår, t.d. gang- og sykkelvegar og nedsett fart rundt skule og barnehage 

sikra at Luster kommune er langt framme på IKT i skule og barnehage 

Kultur, idrett og friluftsliv

 Eit variert og innhaldsrikt kulturtilbod er viktig for helse, trivsel og livskvalitet. Dugnadsånd og friviljug arbeid er avgjerande for gode fritidsaktivitetar.    

 Luster Arbeidarparti vil jobba for at me har gode og breie tilbod innan kultur, idrett og friluftsliv i heile kommunen. Fysisk aktivitet er viktig livet gjennom og skal vera prega av glede, fellesskap og helse. Tilboda skal vera opne og inkluderande.  

 Luster Arbeidarparti vil 

sikra drifta av Lustrabadet og Sogn Skisenter som viktige felles anlegg 

sikra at alle bygdene har gode lågterskeltilbod innan idrett, inkludert badetilbod, drifta av til dømes Fjordstova og Jostedal samfunnshus 

vidareføra dagens gratisprinsipp for lag og organisasjonar ved bruk av kommunale bygg 

følgja nøye opp den interkommunale kulturskulen. Ha gode tilskotsordningane for lag- og organisasjonar, med særleg vekt på aktivitetar for barn og unge   

jobba for utviding av samfunnssalen på Hafslo og fleirbrukshus i Parken 

vurdera å oppretta stilling som kulturkonsulent i samhandling/spleiselag med lag og organisasjonar. Satsa på kortreist friluftsliv som omfattar stimerking, stirydding, tilrettelegging for turar i nærområdet, tilgang til fjorden, kvilebenkar m.m. 

 

Arbeidsgjevarrolla

 Politikarane må styrka rolla dei har som overordna arbeidsgjevar for dei 600 tilsette i kommunen. God samhandling med organisasjonane, god og rettferdig personalpolitikk og velfungerande og inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) er avgjerande for utviklinga av gode velferdstilbod. Dei tilsette sit på viktig kompetanse som me i større grad må nytta i utforminga av politikken, m.a. i omstillingsarbeid. 

 Nasjonale analysar syner eit stort rekrutteringsbehov for arbeidstakarar innan helse, omsorg og skuleverket. Me vil ha eigne rekrutteringsprogram for å vera i forkant av utfordringane. 

 Luster Arbeidarparti vil 

styrka tillitsvaldsrolla og invitera tillitsvalde til ulike temasamlingar ilag med politikarane i kommunestyret 

styrka den unike trepartsmodellen tillitsvald – politisk nivå – arbeidsgjevar  

etablera gode, dynamiske møteplassar mellom tillitsvalde og leiinga for å utvikla medråderett i praksis 

gje rett til heile stillingar i alle stillingskategoriar 

freiste å auka grunnbemanninga i pleie og omsorg, skule og barnehage 

ha eit vikarbyrå i eigen regi, med faste tilsette, som kan brukast i heile kommunen 

som hovudregel lysa ut alle stillingar i Luster kommune eksternt  

jobba særleg for å rekruttera og halde på einingsleiarar 

hjelpa nytilsette som flyttar til kommunen, med å finna husvære 

få på plass att retten til mammografipermisjon med løn  

få på plass att tilskot til fysisk aktivitet 

jobba for at lærarane framleis skal ha ein fleksibel arbeidstidsavtale som er tilpassa dei særeigne utfordringane i yrket 

at kommunen sjølv skal utføra og utvikla kompetanse på kommunale oppgåver innan helse og oppvekst 

tilby fast tilsetjing til lærlingar som fullfører læretid i kommunen, der me har behov for arbeidskraft 

at kommunen skal vera ei føregangsbedrift ved å leggja til rette for arbeidspraksis for menneske som har falle utanfor arbeidslivet, t.d. uføretrygda, AAP, sosial stønad. Arbeid aukar livskvalitet. 

  

Næringsliv

 Trygge og attraktive arbeidsplassar er avgjerande for framleis positiv utvikling for Luster kommune. Luster skal vera ein aktiv utviklingsaktør og leggja til rette for dei som driv og vil driva næring her. Me vil bruka næringsfondet aktivt til å vidareutvikla og etablera nye arbeidsplassar. Kommunen må stimulera til vekst innan tradisjonelle næringar, nyskapande tiltak og innovasjon. Det er viktig å arbeida endå nærare med nabokommunane for å utvikla sogneregionen som ein felles arbeidsmarknad.  

 Luster Arbeidarparti vil 

bidra til fleire lærlingplassar i Luster og vidareføra støtta til sysselsetjingstilbod for ungdom 

styrka næringsapparatet i Luster, og utgreia om næringsapparatet i indre Sogn bør vera organisert som eit interkommunalt selskap 

bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre kommunane i regionen  

arbeida for å utvikla fleire arbeidsplassar både i kommunen og i heile indre Sogn 

prioritera nyskapingar, unge etablerarar og gründerverksemder 

arbeida for sysselsetjingstilbod på sosialt grunnlag 

krevja at interkommunale og nye regionale arbeidsplassar også vert plasserte i Luster kommune 

støtta opp om næringsutvikling i samband med verneområda i kommunen 

regulera og leggja til rette areal for næringsaktivitet – der næringslivet ønskjer dette 

Reiseliv

Det er viktig å vidareutvikla Luster som reisemål for å gje lønsame bedrifter, fornøgde gjestar og eit godt lokalsamfunn – på kort og lang sikt. Reiselivet er ei viktig distriktsnæring som må ha gode vilkår. Reiselivsnæringa er viktig for å sikra levande bygder og kulturlandskap, sysselsetting og lokalt næringsliv. Me må difor styrka reiselivssatsinga og -næringa i Luster markant.   

 Luster Arbeidarparti vil 

utarbeida ein masterplan for reiselivet i Luster 

støtta tiltak som aukar tilgang til kapital til næringa  

støtta utvikling av ei heilårs, berekraftig reiselivsnæring 

sikra at Luster kommune har særleg god kontakt med næringsaktørar i reiselivet og tek ansvar for å vidareutvikla Luster som turistmål  

støtta tiltak som gir auka verdiskaping og auke i tal gjestedøgn  

ta initiativ til å stifta eit lokalt reiselivsselskap, som på kommersielt grunnlag skal utvikla, bygga, eiga, drifta og marknadsføra reiselivsanlegg og reiseliv i Luster 

føra ein politikk som tek omsyn til verdsarvstatusen til Urnes stavkyrkje 

 

Landbruk

 Luster er ein stor landbrukskommune. Det er viktig å halda oppe drifta på gardsbruka for å sikra busetnad, lokal matproduksjon og for å halda kulturlandskapet i hevd. Me ynskjer at dei store naturressursane i Luster skal gje auka verdiskaping og livskraft i bygdene. 

 Nytenking og innovasjon er viktig for å sikra gode inntekter til gardane i framtida, og me vil støtta utvikling av tilleggsnæringar i landbruket. Me vil også tilpassa landbruket i Luster klimaendringane.  

 Luster Arbeidarparti vil 

tillata frådeling av større fritidseigedomar til grunneigarar, mot at resten av landbrukseigedomen vert lagt ut for sal 

halda på støtteordningane i landbruket, som tilskot til kjøp av mjølkekvote, vatningsanlegg, skogsvegar og tilskot til planlegging av driftsutviding 

leggja til rette for tilleggsnæringar ved å leggja ut fleire hyttetomter og spreidde næringsområde i ny arealplan 

arbeida for støtte til beitedyr for å halda på kulturlandskapet, spesielt innanfor verneområda 

stimulera til at fleire kan få overta gardsbruk og stramma inn praksisen med lange dispensasjonar ved eigarskifte  

ikkje tillata ynglande jerv, bjørn eller ulv i regionen, samt ta ut skadedyr raskt 

at frukt og bær framleis skal vera eit satsingsområde for Luster 

støtta opp om Lustramat og satsa på kortreist og lokal mat 

jobba for å auka delen i rentefrie lån til utbyggingar på gardsbruk med fem prosent 

  

Helse, tryggleik og trivsel

 Alle lustringar skal ha sjansen til å leva eit godt liv. Å førebyggja er bra for den einskilde og for fellesskapet, og det skal vera ei rettesnor for alt arbeid innan helse, omsorg og tryggleik. Luster Arbeidarparti vil alltid prioritera tilgang til gode offentlege helse- og omsorgstilbod for alle.  

 Luster Arbeidarparti vil 

ha eit godt og framtidsretta legevakttilbod 

etablera framtidsretta eldreomsorg ved å tilby velferdsteknologi, og sikra at tilboda vert tilpassa behova til den einskilde  

gje eldre moglegheit til å bu heime lengst mogleg , t.d. ved å halda kurs for nære pårørande og informera om omsorgsløn 

etablera fleire aktivitetstilbod på dagtid i bygdene for demente, eldre heimebuande og andre 

sikra tilgang til sunn og næringsrik mat for alle lustringar i barnehage, skule og eldreomsorg 

arbeida for kosthaldsrådgjeving for dei som treng det 

leggja til rette for kvardagsmosjon, til dømes med kvilebenkar og meir gatelys 

satsa på fysisk aktivitet i skulen og i arbeidslivet 

jobba for sykkelveg mellom Hafslo og Gaupne 

vidareutvikla Lustrabadet og Friskhuset som møteplass for alle  

betra integreringa av flyktningar gjennom arbeid, rimelege bustadar og meiningsfull fritid 

sikra levedyktige kår for politietterforsking, førebygging og beredskap i sogneregionen 

stø opp om arbeidet med eit inkluderande miljø i barnehage og skule for å førebu og styrka ungdomstida 

stø opp om og styrka eit interkommunalt arbeid med «Ungdomskontrakt» for ungdom som debuterer med narkotika 

fylgja opp barnevernstiltaka 

styrka helsetenestene i skule og barnehage 

jobba for fleire dagsentertilbod med låg terskel ute blant folk, til dømes datakafé 

 

Klima og miljø

Konsekvensane kan bli dramatiske om ikkje klimagassutsleppa i verda vert kraftig reduserte. Luster Arbeidarparti vil difor driva lokalpolitikk med klima og miljø i sentrum. Me må ta vare på og forvalta det rike biomangfaldet klokt for ettertida. Klimaproblema er globale og lokale, og me må handla lokalt for å redusera utsleppa. Me vil at Luster kommune skal vera ein leiande kommune når det gjeld lokale klima- og miljøtiltak. Det skal løna seg å vera miljøvenleg i Luster.  

 Me meiner at Luster kommune må ha ambisiøse mål og vera ein pådrivar for fornybare energikjelder. Ny, energieffektiv teknologi må brukast der det er mogleg. 

 Luster Arbeidarparti vil 

arbeida for eit betre kollektivtilbod i kommunen og regionen 

revidera miljøplanen i kommunen kvart fjerde år  

byggja fleire gang- og sykkelstiar  

få ein samanhengande tursti rundt Hafslovatnet 

prioritera ny, energieffektiv teknologi i vedlikehald, drift, investeringar og nybygg 

etablera hurtigladestasjon for elbil i Skjolden 

sikra allemannsretten 

gjera tiltak for å hindra avrenning frå landbruket  

stoppa attgroinga i Hafslovatnet 

at Luster kommune vert sertifisert som Miljøfyrtårn  

halda fram med Fairtrade-avtalen 

stimulera til lovleg avfallshandtering  

ha sterkare og aktiv politisk styring av SIMAS 

innføra gratis levering av avfall ved miljøstasjonen for vanlege hushaldningar 

vurdera subsidiering av klimatiltak i eigen heim 

støtta etablering av gjenbruksstasjonar rundt om i kommunen 

støtta arbeidet med å reetablera villreinstammen i Breheimen 

stilla miljøkrav i alle offentlege anskaffingar  

styrka den kommunale beredskapen ved alvorlege naturhendingar 

stimulera til  landstraum for cruiseskip   

  

Tilflytting og folketalsvekst

 Det skal vera attraktivt å busetja seg i Luster kommune. Me må auka tilflytting og hindra fråflytting. Me skal marknadsføra moglegheitene for ei aktiv og meiningsfylt fritid betre. 

 Me må arbeida meir for å styrka Luster, Sogndal og Leikanger som felles bu- og arbeidsområde. Det å ha ein stad å bu er grunnleggande for å ha eit godt liv. Alle skal ha sjansen til å skaffa seg eigen bustad. Me er garantisten for sentrumsnære leilegheiter på Hafslo, og at det vert byggjeklare einebustadtomter i Gaupne også i framtida.  

 Luster Arbeidarparti vil 

til ei kvar tid ha ledige bustadtomter over heile kommunen. Tomteprisane må vera attraktive for i endå større grad å vera eit alternativ til busetjing utanfor kommunen 

sikra heilskapleg vidareutvikling av Hafslo som tettstad, særleg sentrum. Me vil leggja til rette for sentrumsnære bustadar for alle livsfasar. 

fylgja nøye opp prioriteringa av nye bustadfelt og langsiktig planlegging av desse hjå planavdelinga i kommunen for å hindra utbyggingsstopp  

skapa attraktive bumiljø ved å utvikla kommunesenteret og bygdelaga i kommunen 

gjennomføra vedtekne planar for sentrumsopprusting 

gje støtte til aktivitetar og fleire sosiale møteplassar rundt om i Luster 

bidra til å fornya noko av den kommunale bustadmassen tilpassa dagens behov 

stimulera til bygging av ulike typar bustadar i kommunesenteret og bygdelaga 

byggja kommunale utleigebustadar for unge fleire stadar i kommunen 

sikra at tilgang til barnehage ikkje vert til hinder for rekruttering og tilflytting 

vurdera å kutta ut eigedomsskatten for private bustadar 

 

Nyskaping

 Luster Arbeidarparti vil at Luster skal vera ein moderne, nyskapande, effektiv og sørvisvennleg kommune. Me vil vera pådrivar for fornying i kommunen, og me vil ha dei tilsette med som aktive medspelarar. 

Luster kommune skal ha tenester av god kvalitet. Innbyggjarane skal sjølve vera med og forma tenestene dei brukar. Me seier nei til konkurranseutsetting og privatisering av grunnleggjande offentlege tenester. 

 Luster Arbeidarparti vil 

invitera innbyggjarar og utflyttarar til ein årleg «Lustradag» 

ha fulltekstpublisering av postlista 

etablera ein årleg konferanse for innbyggjarane og næringslivet – «Lustrakonferansen» 

ha videoopptak av kommunestyremøta knytt til sakslista på nett 

auka satsinga på IKT og digitale tenester sterkt 

utvikla ein overordna kommunal innovasjonsstrategi for kommunen og definera innsatsområde innanfor dette   

jobba for å utvikla eit fylkesdekkande interkommunalt IKT-selskap  

jobba for utbygging av fibernett og høghastigheits mobilnett til alle innbyggjarar i kommunen 

revitalisera arbeidet med kommuneplanar og ha meir medverknad frå innbyggjarane, næringslivet og ungdommen spesielt 

oppretta interaktive informasjonstavler som framsnakkar det som skjer i Luster 

Samferdsle

 Luster Arbeidarparti vil styrka arbeidet for betre og tryggare vegar. Det er viktig både for å førebyggja ulukker og for å sikra innbyggjarar i alle delar av kommunen god tilgang til velferds- og sørvistenester. Trygge og gode vegar er ein føresetnad for utvikling av næringsliv og turisme. Samferdsle- og samfunnsutvikling heng nøye saman.  

 Luster Arbeidarparti vil 

jobba for raske og gode pendlarruter til og frå Gaupne, Sogndal og Leikanger, og internt i kommunen, om morgon og ettermiddag 

arbeida for opprusting av fylkesveg 55 gjennom kommunen, med strekninga Nes–Luster som førsteprioritet 

vera pådrivar for å halda fram, og om mogeleg forsera, rassikringsarbeidet på fylkesvegane  

vera pådrivar for regional samferdsleutvikling, særleg med tanke på god vegstandard og godt vegvedlikehald, utvikling av flyplassen i Sogndal og eit godt ferjetilbod 

sjå utviklinga av gang- og sykkelvegar i samband med trafikktrygging og folkehelsearbeid. Me vil arbeida for fleire og meir samanhengande gang- og sykkelstiar som t.d. rundt Hafslovatnet, Krekane–Gjerde–Breheimsenteret med bru over Jostedøla og langs Engjadalselva 

arbeida for betre tilrettelegging for turistar ved betre skilting og styrking av Sognefjellsvegen som turistveg 

auka skogrydding langs vegane for å auka trafikktryggleiken 

skunda på for tenlege trafikkløysingar i Gaupne, hovudsakleg kryssløysinga på fv. 55 

arbeida for at dei gruppene som ikkje sjølve kan køyra bil, skal ha eit tenleg transporttilbod gjennom gode bussruter, sørvisskyss og tilrettelagt transport for ungdom og rørslehemma 

at kommunen skal overta kaien i Solvorn og arbeida for å oppretthalda ferjesambandet Urnes–Solvorn 

halda fram arbeidet for å realisert Sognefjellstunnelane