Magnus Ølnes
| Hafslo | f. 1984 | 23. kandidat 23-27 |
Bli bedre kjent med Magnus Ølnes:
Magnus er frå Hafslo, snart 40 år, er godt gift og har ein liten gut.
Han jobbar på Byggsenteret Audun Hundere i Sogndal, og der har han vore trufast i 13 år.
På fritida er han opptatt av fotball, samt samvær med familie og vener.
Magnus har alltid vore interessert i politikk, og han melde seg inn i Arbeiderpartiet fordi han meina dei har den beste politikken for å løyse dagens og morgendagens utfordringar som velferdsstaten har, både lokalt og nasjonalt.
Magnus er særleg oppteken av skulepolitikk, samferdsel og næringspolitikk.