Øyvind Åsarmoen Møller
| Hafslo | f. 1989 | 16. kandidat 23-27 |
Bli bedre kjent med Øyvind Åsarmoen Møller:
Øyvind er gift, skal snart bli 5 – barnspappa og bur på Hafslo. Han er ein aktiv mann, med mange jarn i elden. Han eig og driv Sogn Stillast og Sikring, og på denne måten har han eit stort kontaktnett innan byggenæringa i området. Han har tidlegare vore ungdomssekretær i LO, og er difor godt kjent med organisasjonslivet. Øyvind har og vore nestleiar i Luster Ap, og er no styremedlem i Hafslo arbeidarlag.
Øyvind sin store kampsak i lokalpolitikken er næringspolitikk. Han ønskjer eit variert næringsliv, og at kommunen skal vere ein aktiv pådrivar på dette området. Han ønskjer
attraktive næringstomter i fleire av bygdene våre, slik at bedrifter kan ha reelle og gode val når dei skal etablere seg. I tillegg bryr Øyvind seg om utdanningspolitikk og gode helse og omsorgstenester.
Han er nok ein arbeidsmaur, for det meste av fritida går også med til jobb, men han får tid til litt musikk inni mellom.